Naturtone er ein rein deltone som kan oppstå når ein bles i naturhorn eller frå lause strenger på strengeinstrument. Naturtonar er danna av grunntonen i eit instrument og overtonane hans. På horn eller fløyte blir dei danna av eigenresonansen til den innelukka luftsøyla.

I naturtonerekkja opptrer naturtonar som likner på tonane i ein durskala. Dei kan likevel høyarast sure ut samanlikna med tonane frå eit temperert instrument, som nytter eit anna tonesystem.

Sjå òg Overtonerekkja

Kjelder

Kategori:Musikkteori