«From a Buick 6» er ein song av Bob Dylan frå albumet Highway 61 Revisited, som òg kom ut på singel som B-side til «Positively 4th Street.» Han vart spelt inn 30. juli 1965.

Musikalsk stil Songen er ein rusten bluessong som vert spelt lettsindig av eit band som bestod av Al Kooper på orgel og Mike Bloomfield på gitar. Gitarparten er basert på eldre bluesriff av Robert Johnson, Charlie Patton og Big Joe Williams. Han har òg eit etterslag frå trommeslagaren Bobby Gregg, ei basslinje frå Harvey Brooks og ein munnspelsolo. Songen byrjar med ein skarptrommeslagar som minner opningssongen på Highway 61 Revisited, «Like a Rolling Stone». Det er i røynda ein 12-taktsblues, spelt med powerakkordar, og er kjend for at Bloomfield nesten umerkbart sette inn ein F-akkord i den tiande takten på alle utanom det første verset, medan bassen og orgelet spelar ein G-akkord. Songen er delvis basert på Sleepy John Estes-songen «Milk Cow Blues» frå 1930, og brukte til og med noko av teksten frå den eldre songen. Tilnærminga er likevel meir lik The Kinks sin versjon av ein Kokomo Arnold-song som òg heitte «Milk Cow Blues».

Andre versjonar «From a Buick 6» er blitt spelt av musikarar som Gary U.S. Bonds, Mitch Ryder, Treat Her Right, Mike Wilhelm, Alex Taylor og Johnny Winter.

Ettermæle Namnet på ein roman frå 2002 av Stephen King, From a Buick 8, er basert på denne songtittelen.

Songen «From a Motel 6» på Yo La Tengo-albumet Painful frå 1993 er eit hint til songtittelen.

Billy Bragg-songen «From a Vauxhall Velox» frå albumet Brewing Up with Billy Bragg frå 1984, vart skriven som eit svar til «From a Buick 6».

I ein presentasjon for Apple i 2006, sa Steve Jobs at dette var favorittsongen hans.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «From a Buick 6» frå , den 6. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst

Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Johnny Winter-songar Kategori:Wilko Johnson-songar