mini|«Den gamle Mester» kalla Jørgen Moe eiketreet som framleis står på prestegardsmarka i Krødsherad. Treet blei verna som naturminne i 1914. Den gamle Mester er eit dikt av Jørgen Moe som handler om det store eiketreet på Krødsherad prestegard. Moe budde på staden frå 1853 til 1863 som kapellan til Olberg kyrkje og dei andre annekskyrkjene i Sigdal soknekall.
Diktet vart fyrst trykt i samlinga At hænge paa Juletræet. Nogle faa Digte (1855). Denne vart fire år seinare gjeven ut att under tittelen En liden Julegave. Gammelt og Nyt (1860), med ny, utvida utgåve i 1863.
Det er eiketreet sjølv som rettleier og viser det nausynte av å bygge på «den ene trofaste Grund». Moe forklarer i diktet at det er treet si ordning mellom rotsystem og topp som gjer det i stand til å stå imot stormar.
Den norske komponisten Gunnar Gjerstrøm (1891–1951) har sett melodi til diktet.
Naturvernforbundet kjempa for å få treet som inspirerte diktet freda som noko av det første det gjorde etter at det blei skipa i 1914. Treet blei freda 3. desember 1914.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Den game Mester» frå , den 31. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
Den gamle Mester ved Naturvernforbundet
Kategori:Norske dikt Kategori:Kjende tre Kategori:Jørgen Moe