mini|Kensingtonsteinen (Kensington Runestone) er ein runestein som vart funne i Minnesota i USA i 1898. Inskripsjonen, mellom anna med årstalet 1362, vert rekna som ein forfalskning. Kensingtonsteinen (The Kensington Runestone) er ei USA-amerikansk steinhelle med ei runeinnskrift. Ifylgje runeinnskrifta skal steinen ha vore reist i året 1362 av nordmenn og svenskar i samband med eit åtak dei hadde vorte utsette for. Dette var altså ei hending som skal ha gått føre seg meir enn hundre år før Kristoffer Columbus og mannskapet hans fann fram til Amerika i 1492 som dei fyrste europearane, og lengje etter at folk frå dei norrøne busetnadene på Grønland hadde funne fram til «Vinland», slik arkeologiske utgravingar av ei norrøn busetnad på L'Anse aux Meadows på nordspissen av Newfoundland synar.
Det er semje i autorative vitskaplege krinsar om at innskrifta på Kensingtonsteinen er av langt nyare dato enn ho gjev seg ut for å vere, truleg frå 1880-åra, og slik sett eit falsum. Ein del kritikarar har direkte hevda at oppdagaren av steinen stod bak innskrifta. "[...] every Scandinavian runologist and expert in Scandinavian historical linguistics has declared the Kensington stone a hoax [...]";
Likevel er det somme miljø i USA som meiner at innskrifta er ekte og skildrar ei sann hending. "Det finnes en liten klikk med amerikanere som sverger til at steinen er ekte. De er stort sett skandinaviskættede realister uten peiling på språk, og de har store skarer med tilhengere."
Runesteinen Kensingtonsteinen er frå Solem i Douglas County i delstaten Minnesota. Dette er eit lite bondesamfunn som vart skipa i 1870, og som er sagt å ha eit norsk namn. Men steinen har fått namn etter den næraste større busettinga, Kensington. Ein svensk innvandra bonde med namnet Olof Ohman (eigenleg Öhman) skal ha funne steinen i 1898 saman med sonen sin, Edward, under rota på eit tre då dei braut nytt land til oppdyrking. Steinhella låg då infiltra i trerøtene. Ho er litt over 90 kilo tung, av gråvakke, ein variant av sandstein, 76 cm høg, 41 cm brei og 15 cm tjukk, med runer på den eine breisida og den eine av smalsidene.
Teksta Teksta på steinen lyder:
Omsetjing til bokmål
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kensingtonsteinen» frå , den 31. oktober 2018.
Kategori:Pseudoarkeologi Kategori:Runesteinar Kategori:Hendingar i 1898 Kategori:Minnesota