Richard Douglas Fosbury, kjend som Dick Fosbury, () var ein USA-amerikansk høgdehoppar frå Medford i Oregon som forbløffa idrettsverda då han i 1968 vart olympisk meister med ein heilt ny hoppstil. Den såkalla fosburyfloppen vart over ein 10–15-årsperiode den heilt dominerande måten å høgdehoppe på.

Karriere Fosbury byrja bruke floppstilen i 1964-sesongen. Han starta springe tilnærma diagonalt med lista, for så å bende av mot lista og til sist vende ryggen mot lista og der etter utføre bykset. Fordelen, samanlikna med den då rådande dykkstilen, er at massesenteret i eit flopphopp ligg mykje lågare og at det såleis trengst mindre kraft i skyvet.

Den store idrettslege framgangen kom i OL-sesongen 1968. I juni månad sette Fosbury personleg rekord med 2,19 meter då han vart studentmeister (NCAA) i Knoxville i Tennessee. Tre månader seinare var han ein av tre utøvarar som tok seg over 2,20 m då USA heldt uttaksstemne i South Lake Tahoe i California, alle saman gjorde personbeste. Under OL-finalen i Mexico-byen den 20. oktober gjekk han over 2,22 m i fyrste forsøk, medan landsmannen Ed Carruthers smaug seg over i sitt andre forsøk. Den neste høgda, 2,24 meter, tok Fosbury i tredje forsøk, Carruthers feila i alle sine hopp. Fosbury forsøkte seg så på verdsrekordhøgda 2,29 m, der var han sjanselaus.

Etter Mexico-leikane makta han ikkje å hevde seg i verdseliten i høgdehopp.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dick Fosbury» frå , den 20. oktober 2018. World Athletics

Bakgrunnsstoff

Kategori:Høgdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968