Blessed Are... var eit studioalbum frå 1971 av Joan Baez og det siste ho gav ut på Vanguard Records. Det inneheld hitversjonen hennar av The Band sin «The Night They Drove Old Dixie Down», og songar av Kris Kristofferson, The Beatles, Jesse Winchester og The Rolling Stones, i tillegg til fleire av Baez sine eigne songar. Som dei siste albuma hennar vart albumet spelt inn i Nashville og har ei countrykjensle.
Den originale vinylutgåva vart gjeven ut på dobbeltalbum, som òg inkludert ei ekstra 7"-plate med songane «Maria Dolores» og Woody Guthrie sin «Deportee», som ho dediserte til bønder over heile verda, og la til «May they soon cease to be victims» (måtte dei snart ikkje vere offer lengre). På CD-utgåver vart desse to songane gjevne ut på ei eiga plate, sidan det ikkje var plass til alt på ein enkel CD.
Innhald
Medverkande
Joan Baez – gitar, vokal Norman Blake – Dobro, gitar David Paul Briggs – klaverinstrument Kenneth A. Buttrey – trommer The Holladay – songarar Ed Logan – tenorsaksofon Charlie McCoy – munnspel Norbert Putnam – bass, arrangør, produsent Buddy Spicher – fiolin Pete Wade – gitar
Teknisk Gene Eichelberger – lydteknikar Dave Harris – plateomslag Jobriath – design Jack Lothrop – produsent Jim Marshall – fotografi
Salslister Liste (1971)Plassering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Blessed Are...» frå , den 20. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Album produserte av Norbert Putnam Kategori:Vanguard Records-album