Lommedalsbussen AS er eit tidlegare norsk busselskap som vart starta 11. juli 1923 av gardbrukaren Gunder Krydsby i Lommedalen, på oppdrag for Lommedalens vel. Han trafikkerte først mellom Lommedalen og Sandvika, seinare til Oslo. Etter kvart utvida selskapet med ny rute Oslo–Økri, seinare forlenga til Rykkinn. Endehaldeplassen i Lommedalen var lenge Guriby bru, men vart seinare forlenga til Bykrysset.
Lommedalsbussen var i Krydsby-eiget til familien fram til 1990-talet då den vart kjøpt opp av Bærums Forenede Bilruter (BFB), og seinare overteke av Norgesbuss.
Den første bussen til selskapet var ein ombygd lastebil med plass til 15–16 passasjerar i to langsgåande trebenkar.
Lommedalsbussen hadde stor vekst utover frå 1960-talet. Det kom først og fremst av stor bustadsbygging i ruteområdet til selskapet. På 1970-talet vart det òg oppretta eiga turbilavdeling og turbussane til selskapet kunne påtreffast både i Noreg og ei rekkje land i Europa. I fleire år hadde Lommedalsbussen fast køyring mellom Oslo og Warszava.Hovland, L. (1976). 50 år i takt med samfunnet. Norges rutebileierforbund, Avd. Oslo og Akershus. Oslo: NRF, Avd. Oslo og Akershus.
Statistikken frå 1978 illustrerer omfanget av verksemda til selskapet: 59 heilårs tilsette, 41 personbussar og sju andre køyretøy.50 år for fremgang: beretningsåret 1978-79 jubileumsberetning 1929-1979. (1979). Oslo: NRF
1. desember 1992 vart aksjane til selskapet overtekne av Bærums Forenede Bilruter AS.Aftenposten 20. nov. 1992
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lommedalsbussen» frå , den 24. oktober 2018.
Litteratur
Kategori:Historie i Bærum Kategori:Tidlegare norske busselskap