Det Norske Akademis ordbok (forkorta NAOB) er eit digitalt ordboksverk over norsk bokmål og riksmål som består av meir enn artiklar eksemplifisert med sitat. Det er utgjeve av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og Kunnskapsforlaget og vart lansert i januar 2018. NAOB er fritt tilgjengeleg og blir løpande oppdatert.
NAOB er ei vidareføring av Norsk Riksmålsordbok, som vart utgjeven i seks trykte bind i perioden 1937–1995, men er likevel eit nytt og sjølvstendig verk, skapt for bruk på internett. Ordboka har Svenska Akademiens ordbok og Oxford English Dictionary som førebilete.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Bøker frå 2017 Kategori:Norske ordbøker Kategori:Riksmål