Charles Thomas Philippe Ulm () var ein australsk luftfartspioner.
Bakgrunn og familie Ulm var fødd i Middle Park i Melbourne i Victoria. Familien flytta seinare til Mosman i Sydney. Under fyrste verdskrigen slutta han seg til First Australian Imperial Force i september 1914, då var han 16 år gammal. Han kom inn fordi han la på eit par ekstra år på alderen. Han deltok og vart såra ved Gallipoli i 1915 og på Vestfronten i 1918.
Charles Ulm var gift to gonger. Fyrste ekteskapet, med Isabel Amy Winter, varte frå 1919 til 1927. Deretter gifta han seg på nytt, med Mary Josephine Callaghan.
Samarbeidet med Charles Kingsford Smith Ulm er best kjend for samarbeidet sitt med sir Charles Kingsford Smith. Han var avløysarpilot for Kingsford Smith på mange av dei kjende flygingane hans, kanskje mest kjend for flyginga over Stillehavet i 1928 frå USA til Australia. Ulm var den av dei to med best forretningssans og fekk skaffa økonomisk støytte til flygingane. Ulm var òg med som forretningspartner då Kingsford Smith starta Australian National Airways. Flyselskapet fekk særs kort levetid på byrjinga av 1930-talet.
Seinare flygingar og forsvinning Etter det mislukka forsøket med Australian National Airways, kjøpte Ulm eit av selskapet sine fly, ein Avro X for seg sjølv og gav det namnet «Faith in Australia». Med dette flyet deltok Ulm og sette ny rekord i kappløpet England–Australia i 1933. Turen vart gjennomført på 6 dagar, 17 timar og 56 minutt som var ny rekord.
Han gjennomførte seinare fleire flygingar over Tasmanhavet mellom Australia og New Zealand. I 1934 frakta han den fyrste offisielle luftposten frå New Zealand til Australia, og den fyrste offisielle luftpostleveransen frå Australia til Papua Ny-Guinea.
Ulm forsvann i desember 1934 saman med sin co-pilot og navigatør/telegrafist, under ei flyging frå Oakland til Hawaii i ein Airspeed Envoy. Det vart anteke at uventa sterk motvind og dårleg vêr bidrog til at dei flaug forbi Hawaii i mørket og ut i Stillehavet til dei gjekk tom for bensin.
Til trass for eit intensivt søk av fly og 23 marinefartøy vart det ikkje funne spor etter korkje fly eller besetning. Ulm hadde valt å ikkje ta med redningsflåte for å spara vekt, då han var av den oppfatninga at flyet ville halda seg flytande i minst to døgn om dei skulle tvingast ned på havet.
Flyet var vorte modifisert for å møta Ulm sine krav og Airspeed sin tekniske leier, Nevil Shute Norway, antok seinare i sjølvbiografien sin at utforminga av kabinen hadde bidrege til navigasjonsproblem, då den uerfarne navigatøren var plassert eit stykke bak piloten.Nevil Shute, Slide Rule, s. 200
Ettermæle I 1978 vart Ulm minna ved at det australske postvesenet gav ut eit frimerke der Ulm var avbilda saman med flyet «Southern Cross».
Qantas har kalla opp eit Airbus A380 etter Charles Ulm.
Sydney lufthamn hadde tidlegare eit kontorbygg kalla Charles Ulm Building, fram til han blei erstatta av Central Terrace Building på 2000-talet. I 2019 kunngjorde Sydney lufthamn at to kontorbygg skulle omdøypast som del av hundreårsfeiringa til lufthamna. Tidlegare Customs House blei då omdøypt til Charles Ulm Building.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Charles Ulm» frå , den 4. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Australske flygarar Kategori:Folk frå Melbourne Kategori:Folk frå Sydney