mini|Panjandrum

Panjandrum, òg kjend som The Great Panjandrum, var ei massiv rakettdriven vogn ladd med eksplosiv som vart utforma av det britiske militæret under andre verdskrigen. Det var eit av ei rekkje svært eksperimentelle prosjekt, inkludert Hajile og Hedgehog som vart utvikla av det britiske Admiralitetet sitt direktorat for utvikling av diverse våpen (Department of Miscellaneous Weapons Development, DMWD) i dei siste åra av krigen. Panjandrum vart aldri brukt i kamp.

Utvikling DMWD var vorte bede om å laga eit våpen som kunne trenga gjennom ein 3 meter høg og 2,7 m tjukk betongmur som utgjorde ein del av Atlanterhavsmuren. Det vart vidare angjeve at det skulle landsetjast frå eit landingsfartøy, då det var svært sannsynleg at strendene ville verta ei blodig slagmark for alle som freista å slost der. Sekondøytnant Nevil Shute berekna at over eit tonn eksplosiv ville vera naudsynt for å sprenga ei opning i ein slik mur, til at ei stridsvogn kunne koma gjennom. Ei slik mengd eksplosiv ville vera eit betydeleg problem, og eit av dei forslaga som vart diskuterte førte til slutt til bygginga av prototypen «Great Panjandrum». Den føreslegne eininga hadde to hjul og var tre meter i diameter og 30 cm breitt, med ein sentral trommel fylt med eksplosivet korditt. Ho skulle drivast av eit sett med kordittrakettar festa til kvart hjul, i felgane til hjula. Det vart spådd at når Panjandrum vart sjøsett (landsett) og fylt med to tonn sprengstoff ville eininga kunna oppnå fartar på rundt 97 km/t og rasa gjennom alle hindringar for å nå målet. Namnet «Great Panjandrum» vart vald av Shute etter Samuel Foote sitt berømte tulleavsnitt i ei bøkene sine der «Grand Panjandrum» i den avsluttande linja seier «».

Testing mini|Panjandrum i Westward Ho!. Prototypen vart i all løyndom bygd i Leytonstone og transportert for nattesting på strendene ved Westward Ho! i Devon. Men hemmeleghaldet rundt prosjektet sprakk fordi stranda vald som testområde òg var eit populært reisemål for turistar. Frå den fyrste testen 7. september 1943 og utover vart alle testane sett av mange sivile, trass i alle åtvaringar om faren ved våpenet. Sidan inga oppfinning som liknar Panjandrum som nokon gong hadde vorte bygd før, byrja testane med ein del uro. Då vart berre ein handfull kordittrakettar festa til hjula, og nyttelasta vart simulert med ei tilsvarande vekt av sand. Då Shute gav signalet, vart rakettane tent på, og Panjandrum slynga seg framover, ut av landgansfartøyet som vart brukt som ein utskyingsplattform, og mot stranda, før ei rekkje rakettar på høgre hjul svikta. Mastodonten skjena ut av banen. Fleire andre andre forsøk med fleire og fleire rakettar, men ved kvart høve mista Panjandrum kontrollen før han nådde enden av stranda.

venstre|mini|Panjandrum etter ein mislukka test

Etter fiksing og triksing med prosjektet i ytterlegare tre veker vart Panjandrum utstyrt med over sytti kordittrakettar og eit stabiliserande tredje hjul. Då vogna vart avfyrt, rasa ho mot kysten og var borti strandkanten før ho snudde mot havet. Ei rekkje av rakettane piska vilt over hovuda på eit samla publikum, eller eksploderte under vatn. Til trass for desse feila heldt Shute og gruppa hans ut, tok det tredje hjulet og festa stålkablar til dei gjenverande to hjula som ei slags form for kontroll. Panjandrum viste seg likevel å vera for kraftig, sleit av kablar og piska dei attende til stranda. Fleire veker vart brukte til å testa alle tenkjelege variablar, frå tjukkare kablar til tyngre rakett-feste utan å lukkast, før DMWD gav melding om at våpenet berre trong dra mot fienden generelt. Med ein viss grad av tillit vart det planlagt ein siste prøve til januar 1944 framfor ei rekkje marineoffiserar og forskarar, så vel som ein offisiell fotograf.

Under denne testen vendte Panjandrum mot styrbord etter å ha gått på nokre groper i sanden, og bivånarane og fotografen måtte søka dekkje mens eininga fyrte av rakettar i alle retningar. Til slutt eksploderte heile doningen. Etter desse resultata vart prosjektet skrinlagt.

Det er sidan vorte lagt fram teoriar om at heile prosjektet var lureri retta mot tyskarane som del av Operation Fortitude, der ein ville ha tyskarane til å tru at dei allierte planla å gå til åtak mot den godt forsvarte kysten av Pas-de-Calais i staden for den mindre godt forsvarte kysten av Normandie.

Gjenoppbygging I høve 65-års jubileet for invasjonen i Normandie vart det bygd ein kopi som vart sett på den opphavlege stranda i Devon. Hjulet, som var tinga av den lokale Appledore Book Festival, var 1 m høgt og 90 cm breitt og lasta med fyrverkeri i staden for eksplosiv, laga av Skyburst i Bristol. Det var forventa at vogna ville fara 500 meter med ein fart på opptil 24 km/t i tilfelle ho gjekk i ei rett linje, men ho gjekk berre for 50 meter før ho stoppa."Replica of the Great Panjandrum, 1944 super-weapon, to be tested" by Simon de Bruxelles, The Times, (5 June 2009) Det vart teke video av arrangementet.

Neil Downie har skildra vitskapen og byggearbeidet bak ein «Turbo Panjandrum»,Downie, Neil A, 'The Ultimate Book of Saturday Science', Princeton (2012) som var driven av to eller fleire høgeffektive elektriske motorar med propellar som var festa til eit par store sykkelhjul. Turbo Panjandrumar laga av ulike lag har òg konkurrert mot kvarandre.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Panjandrum» frå , den 4. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eksplosive våpen Kategori:Eksperimentelle våpen Kategori:Våpen frå andre verdskrigen