«Bukken Brusa»-ulukka var ei flyulukke som fann stad den 2. oktober 1948 ved Hommelvik sjøflyhamn i Trondheimsfjorden og som kosta 19 menneske livet. Flyet var eit norskregistrert firemotors sjøfly av typen Short Sandringham V (reg. LN-IAW) med namnet «Bukken Brusa». Det tilhøyrde Det Norske Luftfartselskap (DNL) og vart brukt i «den flygande hurtigruta».

Flyet var på veg frå Fornebu til Hommelvik ved Trondheim med 38 passasjerar og ei besetning på sju, leidd av DNL sin sjefsflygar John Strandrud. Då flyet skulle landa i Hommelvika ved Trondheimsfjorden var vêret vorte dårleg. Styrbord (høgre) pongtong trefte sjøen så kraftig at han brotna. Flyet helte over til styrbord side og vengen trefte vatnet. Deretter tippa flyet over og nasen vart øydelagt i den kraftige samanstøyten med vatnet og ei flyvertinne mista livet momentant. Den framre delen av flyet vart raskt fylt med vatn.

Av dei totalt 45 ombord døydde 16 av passasjerane og tre av mannskapet.Aftenposten, morgonutgåva, 4. oktober 1948 Blant dei omkomne var ordføraren i Tromsøysund kommune, Alfred Hansen. Dei av passasjerane som ikkje drukna var dei som sat lengst akter i røykeavdelinga på flyet, mellom dei den kjende filosofen og samfunnskritikaren Bertrand Russell, som skulle til Trondheim og halda foredrag i Studentersamfundet.

Sjå òg

Norske katastrofar og store ulukker

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bukken Bruse-ulykken» frå , den 25. september 2018.

Bakgrunnsstoff

Aviation-safety.net – Informasjon om Bukken Brusa-ulukka. Anekdote om Russell og ulukka, frå Under Dusken.

Kategori:Luftfartsulukker i Noreg