Kapital er eit norsk tidsskrift med redaksjon i Oslo som skriv nyhende om næringsliv, børs, finans og økonomisk politikk. Det vart stifta i 1971 av Trygve Hegnar, som enno er redaktøren til bladet. Bladet kjem ut annankvar torsdag.
Bakgrunn Kapital kom ut for første gong i 1971. Det førte til ei total endring av norsk næringslivsjournalistikk, frå servil dekking til kritisk omtale. Bladet er mellom anna kjent for si liste over dei 400 rikste i Norge, etter mål av den berømte lista til det amerikanske tidsskriftet Forbes. Det er òg kjend for portrettintervju skrivne av Niels Chr. Geelmuyden. Kapital har òg avslørt fleire kritikkverdige tilhøve i norsk nærings- og samfunnsliv. Mellom anna vart Finance Credit, dem største bedragerisaka i norsk historie, avslørt i Kapital. Den tøffe linja til bladet har medført fleire injuriesøksmål eller truslar om søksmål, men med unntak av OBOS-saka frå 1979 – etter at Kapital tidlegare hadde avslørt smøring i OBOS, men ikkje påvist at smøringa gav resultat – har bladet vunne alle sakene.
Fleire kjende personar har vore tilsett i Kapital gjennom tida. Det gjeld mellom andre Svein Støle frå meklarhuset Pareto, Knut Ivar Skeid og Odd Harald Hauge. Dei to sistnemnde starta Nettavisen saman.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kapital (tidsskrift)» frå , den 25. september 2018. Bakgrunnsstoff
Kategori:Publikasjonar skipa i 1971 Kategori:Norske tidsskrift Kategori:Norskspråklege tidsskrift