William «Billy» Mitchell () var ein amerikansk general og luftmaktsteoretikar.
Mitchell tenestegjorde i Frankrike under første verdskrigen og var ved slutten av krigen leiar for alle amerikanske luftstridskrefter i landet. Etter krigen vart han nestkommanderande i flyvåpengreina til Army Air Service, og vart forkjempar for å auka bruken av luftmakt ettersom han meinte dette ville vera viktig i framtidige krigar. Han argumenterte blant anna for at bombefly var eigna til å senka krigsskip, og organiserte ei rekkje bombeangrep mot stilleståande skip for å demonstrera ideen.
Han skaffa seg fleire fiendar i hæren grunna kritikk, og i 1925 vart han fråteken ein mellombels kommisjon som brigadar. Han vart seinare same året stilt for krigsrett for ulydigheit etter å ha skulda leiarane i hæren og marinen for «ein nærast forræderisk leiing av forsvaret til nasjonen» etter at leiinga investerte i krigsskip framfor hangarskip. Han trekte seg frå hæren kort etter. mini|venstre|USS «Alabama» vert bomba frå fly som demonstrasjon av Mitchell sine idear Mitchell vart posthumt utnemnd til generalmajor av president Franklin D. Roosevelt. Bombeflyet North American B-25 Mitchell er oppkalla etter han.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Billy Mitchell» frå , den 22. september 2018.
Kategori:USA-amerikanske offiserar