Troubadour er det fjerde studioalbumet til J.J. Cale, gjeve ut i 1976.
Albumet inneheld songen «Cocaine» som Eric Clapton fekk ein stor hit med året etter på albumet hans Slowhand. Clapton spelte òg seinare inn «Travelin' Light» for studioalbumet Reptile frå 2001. «Travelin' Light» vart òg spelt inn av Widespread Panic for albumet deira Space Wrangler n 1988. JJ Cale sin eigen versjon av «Travelin' Light» vart spelt for å vekke mannskapet på raketten Atlantis og Den internasjonale romstasjonen før spaserturen deira i rommet den 21. mai 2010.
Bakgrunn Troubadour vart produsert av Audie Ashworth, som òg hadde produsert dei tre første studioalbuma til Cale. I dokumentarfilmen To Tulsa and Back frå 2004, fortalte Cale «Eg skreiv 'Cocaine', og eg er ein stor fan av Mose Allison...Så eg hadde skrive songen i ein Mose Allison-stil, ein slags cocktail jazz-aktig swing...og Audie sa 'Det er verkeleg ein god song, John, men du burde gjere han litt meir rock and roll, litt meir kommersiell.' Eg sa 'Ok, flott det.' Så eg gjekk attende og spelte han inn på nytt slik du kan høyre han på plata.»The Best of Everything Show, with Dan Neer Teksten i songen er fleirtydig, men Clapton skildra han som ein antidopsong.
Sjølv om «Cocaine» vart ein stor hit for Clapton i 1977, var den første singelen Cale gav ut frå Troubadour i 1976 songen «Travelin' Light» med «Hey Baby» som B-sida. Skribentar på Alltime Records skreiv «'Travelin' Light', med sin funky James Burton–aktige gitar som Jimmy Page prøve å kopiere på «The Crunge», i lag med flotte xylofonar som fyller ut lyden - rullar og rockar framover og har ein absolutt jordnær kvalitet».
Fleire kjende musikarar spelar på albumet, som Ken Buttrey, Buddy Emmons og Reggie Young.
Innhald
Medverkande J.J. Cale – vokal, gitar, piano Charles Dungey – bassgitar på spor 1, 9 Tommy Cogbill – bassgitar på spor 2, 5, 8, 10-12 Joe Osborn – bassgitar på spor 3 Bill Raffensperger – bassgitar på spor 7 Karl Himmel – trommer på spor 1, 2, 4, 9 Kenny Buttrey – trommer på spor 3, 6, 8, 10 Buddy Harman – trommer på spor 5, 12 Jimmy Karstein – trommer på spor 7 Kenny Malone – trommer på spor 11 Gordon Payne – gitar på spor 8 Chuck Browning – gitar på spor 8 Reggie Young – rytmegitar på spor 1, 6, 9 Harold Bradley – rytmegitar på spor 2 Bill Boatman – rytmegitar på spor 7 Doug Bartenfeld – gitar Lloyd Green – steelgitar på spor 1 and 9 Buddy Emmons – steelgitar på spor 5 Farrell Morris – perkusjon på spor 2, 9, 11 Audie Ashworth – perkusjon på spor 3 J.I. Allison – perkusjon på spor 7 Don Tweedy – ARP Bobby Woods – piano på spor 8 Bill Pursell – piano på spor 12 George Tidwell – trompet på spor 10 Dennis Goode – trombone på spor 10 Billy Puett – saksofon på spor 10
Salslister Liste (1976–1977)Plasseringbgcolor="#efefef" bgcolor="#efefef" bgcolor="#efefef" bgcolor="#efefef" bgcolor="#efefef" bgcolor="#efefef" bgcolor="#efefef" US Billboard 20084
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Troubadour (J.J. Cale album)» frå , den 16. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:J.J. Cale-album Kategori:Shelter Records-album Kategori:Album produserte av Audie Ashworth