5 er det femte studioalbumet til J.J. Cale. Det kom ut i 1979 og var det første albumet hans på tre år. Det meste av albumet vart spelt inn og miksa i The Lakehouse i Old Hickory i Tennessee. Då albumet kom ut på CD vart «Katy Kool Lady» erstatta av ein ny song kalla «Out of Style», men var framleis oppført som førstnemnde på CD-omslaget. «Out of Style» finst òg på albumet Rewind: The Unreleased Recordings frå 2007.

Bakgrunn 5 var første gongen Christine Lakeland spelte på eit J.J. Cale-album, ein songar og musikar som kom til å spele ei viktig rolle i musikken til Cale dei neste åra og som vart kona til Cale fram til han døydde i 2013.

Paste, All About Jazz, og Glide Magazine trekkjer alle fram «Don't Cry Sister» som eit høgdepunkt. Eit konsertopptak av songen finst på albumet Live in San Diego frå 2016.

«Katy Kool Lady» kom ut på singel i lag med «Jaurez Blues» som B-sida.

Songen «Don't Cry Sister» vart spelt inn på nytt av Cale og Eric Clapton på albumet deira The Road to Escondido.

Innhald

Medverkande J.J. Cale - gitar, bass, piano, trommer og vokal Christine Lakeland - korsong, orgel, rytmegitar, perkusjon og piano Billy Cox - bass Carl Radle - bass Nick Rather - bass Karl Himmel - trommer Kenny Buttrey - trommer Buddy Harman - trommer Jimmy Karstein - trommer og conga David Briggs - piano Larry Bell - elektrisk piano og orgel Bill Boatman - elektrisk rytmegitar og fele Bill Kenner - mandolin Farrell Morris - vibrafon Sherry Porter - korsong Shelly Kurland - strykarar Carl Gorodetzy - strykarar Roy Christensen - strykarar Marv Chantry - strykarar Cam Mullins - strykearrangement George Tidwell - blåsarar Don Sheffield - blåsarar Dennis Goode - blåsarar Terry Williams - blåsarar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «5 (J. J. Cale album)» frå , den 16. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:J.J. Cale-album Kategori:Album produserte av Audie Ashworth Kategori:Plateomslag av John Kosh