Nahladalen (gammalsyrisk ܢܗܠܐ) er eit geografisk område i provinsane Ninive og Dohuk i Irak. Sapnadalen ligg i nord på andre sida av ei fjellkjede, og byen Aqra ligg i sør, på andre sida av eit ana fjell. Dalen grensar til Store Zab-elva i aust og Khazir-elva i vest. Regionen er hovudsakleg busett av assyrarar og kurdarar.

Historie Dei fleste assyrarane bur i Nahla, kring 20 000 totalt, som flytta der frå Hakkari etter det assyriske folkemordet under fyrste verdskrigen. Somme landsbyar vart fråflytta i 1960-åra då kampane mellom dei irakiske styresmaktene og kurdiske separatistar tvang dei fleste innbyggjarane på flukt til Bagdad og Mosul. Somme små landsbyar vart fullstendig øydelagde under Anfal-felttoget i 1980-åra. Folketalet i dalen voks kraftig etter Irak-krigen i 2003, og mange assyrarar i Dora og Mosul byrja å flytte attende til regionen.

Det er stadig friksjon mellom kurdarane og assyrarane i område.http://www.aina.org/news/20151203044630.htm Den 17. juli 1999 gjekk ei væpna gruppe frå Den patriotiske revolusjonsorganisjonen Bet Nahrain til åtak på Peshmerga-stillingar i regionen som hemn for drapet på ei assyrisk jente. Åtaket førte til 39 døde og 20 skadde på kurdisk side.Iraq Report 6. august 1999, Volume 2, Number 29, GlobalSecurity.org

Landsbyar Hezany Kasre Merokeh Belmat Khalilaneh Jouleh Chameh Chale Rabatkeh Kash Kawa

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nahla Valley» frå , den 10. august 2018. oppgav desse kjeldene: Dahuk Governorage , Iraqi American Chamber of Commerce KDP Blockades, Attacks Assyrian Village, AINA.org

Kategori:Sletter i Irak Kategori:Assyriske samfunn i Irak Kategori:Dohuk guvernement Kategori:Ninive guvernement Kategori:Geografi i Irakisk Kurdistan