Niniveslettene (assyrisk ܦܩܥܬܐ ܕܢܝܢܘܐ, Pqatā d'Ninwe og gammalsyrisk ܕܫܬܐ ܕܢܝܢܘܐ Daštā d'Ninwe; arabisk سهل نينوى, Sahl Naynawā; kurdisk Deşta Neynewa) er ein region i Ninive guvernement i Irak, nord og aust for byen Mosul. Tidlegare vart området kalla Sanjarsletta.
Området omfattar ruinane av dei antikke assyriske byane Ninive, Nimrud og Dur-Sharrukin, i tillegg til fleire eldgamle, heilage stader som Mar Mattai-klosteret, Rabban Hormizd-klosteret, grava til Nahum og Lalish.http://abcnews.go.com/International/wireStory/iraq-hangs-26-convicted-terror-charges-21606806
Geografi Niniveslettene ligg i aust, nordaust for byen Mosul i det irakiske Ninive guvernement. Oldtidsbyen Ninive låg i den austlege utkanten av dagens Mosul, ved breidda av Tigris. Landsbyane på den austlege delen av sletta er hovudsakleg busett av ikkje-muslimske minoritetsgrupper. Dei fleste av desse innbyggjarane er assyrisk kristne.
Niniveslettene er ikkje berre det historiske heimlandet til assyrarane og ein smeltedigel av før-arabiske og kurdiske før-islamske, mesopotamiske sivilisasjonar, men er ein provins der størstedelen av folkesetnaden består av minoritetar, der kring halvparten av desse er assyrarar.
Historie mini|venstre|Singara i ein detalj frå Peutinger-kartet, ein mellomalderkopi av eit kart av romersk opphav frå 300-talet. Peutinger-kartet over den busette verda slik romerske geografar kjende ho, syner Singara som ein stad vest for Trogoditi Persi, persiske troglodyttar, som busette området kring Sinjarfjella. For arabarane i mellomalderen vart det meste av sletta rekna som ein del av provinsen Diyār Rabīʿa, «bustaden til Rabīʿa-stamma». Arabiske astronomar gjorde delar av arbeidet sitt her under regjeringstida til kalifen al-Mamun.. Ein kjend, assyrisk katedral stod her på 700-talet.
Største byar på Niniveslettene Ba'adra Tel Kepe Bakhdida Ba'ashiqah/Bahzani Bartella Khatarah Alqosh Karemlesh Ain Sifni Tesqopa Batnaya Baqofah Sharafiya Merki
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nineveh plains» frå , den 10. august 2018. oppgav desse kjeldene: Ninevehslettene Geographical Information Ninevehslettene Needs
Kategori:Sletter i Irak Kategori:Ninive guvernement Kategori:Assyrisk geografi Kategori:Assyriske busetnader Kategori:kristendom i Irak Kategori:Øvre Mesopotamia Kategori:Jesidiar i Irak