Yasmani Copello Escobar () er ein cubansk-fødd hekkeløper som representerer Tyrkia.

Copello representerte Cuba mellom anna i CAC-meisterskapen i friidrett i 2008 og 2009. Han flytta til Tyrkia i 2012, fekk tyrkisk statsborgarskap i 2013, og vart klarert av IAAF til å representera Tyrkia den 30. april 2014. Han representerte Tyrkia under VM i friidrett 2015 i Beijing, der han vart nummer 6 på 400 meter hekk. I Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro vann han ein bronsemedalje i 400 meter hekk.  Under Friidrett-VM 2017 i London tok Copello sølvmedalje bak Karsten Warholm. Det same hende under EM i friidrett 2018 i Berlin. Referansar

Denne artikkelen bygger på «Yasmani Copello» frå , den 11. august 2018.

World Athletics

Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyrkia Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Fødde i 1987 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyrkia