John Fredrik Mikaelsson () var ein svensk friidrettsutøvar frå Kristinehamn som i 1948 og 1952 vart olympisk meister i 10 km kappgang. Han døydde i Placer County i delstaten California i USA.

Mikaelsson vart i 1946 europameister på 10 km på Bislett stadion i Oslo. To år etter vann han gullmedaljen på 10 km under dei olympiske sommarleikane i London, der landsmannen John Ljunggren gjekk til topps på 50-kilometeren. I 1950 kom Mikaelsson i mål til bronsemedalje på 10 km, frågått av sveitsaren Fritz Schwab og Emile Maggi frå Frankrike. Under Sommar-OL 1952 i Helsinki forbetra Bruno Junk frå Sovjetunionen den olympiske rekorden på 10 km, og stod dermed fram som favoritt før finalen. I finalen tok derimot Mikaelsson tilbake den olympiske rekorden då han vann med tida 45.02,8, framfor Schwab og Junk.

Mikaelsson sette frå 1936 til 1945 seksten verdsrekordar i kappgang på bane, alle på kortare strekningar opp til 10 km. Han vann i alt 13 svenske meisterskapstitlar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1946 i Oslo: Gullmedalje – 46.05,2, framom Fritz Schwab (47.03,6) OL 1948 i London: Gullmedalje – 45.13,2, framom Ingemar Johansson (45.43,8) EM 1950 i Brussel: Bronsemedalje – 46.48,2 OL 1952 i Helsinki: Gullmedalje – 45.02,8, framom Fritz Schwab (45.41,0)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «John Mikaelsson» frå , den 3. august 2018. Denne artikkelen bygger på «John Mikaelsson» frå , den 3. august 2018.

World Athletics

Kategori:Svenske kappgjengarar Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Europameistrar i friidrett for Sverige