Vårkornell (Cornus mas) er ein lauvfellande busk eller eit lite tre i kornellfamilien.
Skildring Planten blir opptil åtte meter høg. Kvistane er grøngule. Blada er motsatte med ovale til elliptisk form. Dei er matt grøne under og har tre–fem par boga sidenervar.
Blomane er gule og sit i små halvskjermar. Dei er 4–5 mm store og har fire kronblad. Vårkornell blomstar før lauvsprett, i Noreg i april–mai, og kan då minna litt om Forsythia. Frukta er avlang, 12–15 mm lang og blankt skarlagensraud når ho er mogen.
Vårkornell veks i open skog, kratt og åkerkantar frå havnivået opp til 1500 moh. i Alpane og Kaukasus. Han er ein typisk art for submediterran skog der han veks saman med tre som duneik, frynseeik, ungareik, steineik, agnbøk, orientagnbøk og mannaask, og buskar som filtkrossved, liguster, villkornell og berberis. Arten er utbreidd i Sør- og Mellom-Europa nordover til Belgia, Tyskland, Tsjekkia, Slovakia og Ukraina. Han finst austover til Kaukasia og Anatolia, men manglar på Den iberiske halvøya og dei fleste middelhavsøyene.
Bruk Vårkornell blir ofte planta som prydplante. Han blir også dyrka i frukthagar i Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia.
Veden er særskild hard og tung og er blitt brukt til å laga mellom anna spydskaft, hjuleiker og handtak til verktøy.
Frukta er sur, men kan etast av menneske. Ho kan tørkast, syltast eller brukast til saus. Ein kan også bruka henne til å laga brennevin.
Arten finst forvilla nokre få stader i Noreg, men dette dreier seg om gjenståande plantar frå hagar. Det ser ikkje ut til at vårkornell kan formeira seg i norsk klima.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vårkornell» frå , den 30. juli 2018.
Kategori:Kornellfamilien