Knut Knutsson Heje () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Flå i Buskerud som representerte einmannskrinsen Hallingdal og partiet Venstre på Stortinget 1916-18.

Heje var elev 1876-78 på Jønsberg landbruksskole og studerte 1879/80 ved Ås høgre landbruksskule og 1883/84 Den kongelige Veterinær- og Landbrukshøyskole i København. Eit års tid var han så styrar ved Stange Meieribolag, før han i 1885 tok over farsgarden Heje i Flå. Tida 1904-10 var han ordførar i Nes herad og forlikskommissær, elles var han medlem både av skulestyret i Nes og i amtet.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Ordførarar i Nesbyen