Moses Kiptarbet Tanui () er ein kenyansk langdistanseløpar frå Nandi fylke i det vestlege av Kenya som i 1991 var verdsmeister på 10 000 meter og to år seinare tok VM-sølv på same distansen.

Aktiv Tanui vart nummer to på 10 000 m og nummer tre på 5 000 m ved afrikameisterskapen 1989 i Lagos. Året etter kom han på andreplass i terrengløp-VM i franske Aix-les-Bains. Ved friidretts-VM 1991 i Tokyo vann han gullmedaljen på 10 000 meter etter å ha slått landsmannen Richard Chelimo med sju tidels sekund i sluttspurten. To år seinare mista Tanui under VM-milløpet i Stuttgart den eine skoen ei runde før mål, etter kontakt mellom han og Haile Gebrselassie frå Etiopia. Gebrselassie vann løpet, men berre halvsekundet framom Tanui. Knappe to veker etter sprang Tanui sitt livs snøggaste 10 000-meter då han i Brussel den 3. september 1993 vart klokka i mål på tida 27.18,3.

Den 3. april 1993 vart Tanui den fyrste som fullførte ein halvmaraton på under timen, sluttida på eit løp i Milano vart 59.47. Både i 1996 og 1998 vann han Boston Marathon og i 2002 Wien maraton. Sitt aller fortaste maratonløp på 2.06.16 presterte han då vart andremann i Chicago Marathon i 1999.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 8 på 10 000 m – 27.47,2 VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje på 10 000 m – 27.38,7, framom Richard Chelimo (27.39,4) OL 1992 i Barcelona: Nr 8 på 10 000 m – 28,27,1 VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.46,5, bakom Haile Gebrselassie (27.46,0)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Moses Tanui» frå , den 20. juli 2018.

World Athletics

Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992