Niurka Montalvo () er ein kubansk-spansk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Habana, som vart verdsmeister 1999 i lengdehopp då ho representerte Spania. Ho deltok også i tresteghopp.

Aktiv Montalvo fekk sin internasjonale seniordebut 25 år gammal under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart. Her enda ho opp med fjerdeplassen i tresteghopp, ein centimeter bak bronsevinnar Iva Prandzjeva frå Bulgaria. Året etter sette Montalvo den 24. juni 1994 i heimbyen Habana personleg rekord i tresteg med eit hopp som målte 14,60 meter.

I mars 1995 vann Montalvo ein suveren siger i lengdehopp ved dei panamerikanske leikane i Mar del Plata med eit hopp på 6,89 m. Fleire månader seinare kneip ho sølvmedaljen ved friidretts-VM i Göteborg, med sitt bestehopp på 6,86 m enda ho 12 cm bakom gullvinnar Fiona May som representerte Italia, men 3 cm framom russiske Irina Musjailova.

Montalvo gifta seg spansk i 1999 og tevla sidan for Spania. Sommaren 1999 gjorde ho sitt livs beste lengdehopp då verdsmeisterskapen fann stad i Sevilla. Montalvo låg på andreplassen etter Fiona May gjennom dei fem fyrste omgangane. Før siste omgangen leia May med 6,94 m mot Montalvos 6,88 m. I den sjette og siste omgangen smelte Montalvo til med 7,06 meter, noko May ikkje makta tukte.

Montalvo stod over sommar-OL 2000 i Sydney, etter som friidrettsforbundet på Cuba nekta henne å representere Spania. Året etter kneip ho bronsemedaljen i lengdetevlinga ved VM 2001 i Edmonton, klart slått av May og russiske Tatjana Kotova.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 i tresteghopp – 14,22 m VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje i lengdehopp – 6,86 m. Utslått i tresteghopp (11,40 m =nr 31) OL 1996 i Atlanta: Utslått i lengdehopp (6,48 m=nr 18) VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje i lengdehopp – 7,06 m, framom Fiona May (6,94 m) VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje i lengdehopp – 6,88 m EM 2006 i Göteborg: Nr 7 i lengdehopp – 6,50 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Niurka Montalvo» frå , den 21. juli 2018. World Athletics

Kategori:Cubanske lengdehopparar Kategori:Spanske lengdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004