Imogen Jennifer Heap () er ein engelsk songar, låtskrivar, plateprodusent og lydteknikar. Ho er kjend for den elektroniske musikken sin og som medlem av det kortvarige prosjektet Frou Frou. Ho var fødd i London Borough of Havering og fekk pianotimar og klarinettimar då ho var ung. 13 år gammal byrja ho å skrive sine eigne songar, og lærte seg sjølv å spele gitar og trommer, i tillegg til musikkproduksjon på Atari-maskinar. Heap fekk platekontrakt med Almo Sounds då ho var 18 år gammal og seinare arbeidde med det eksperimentelle popbandet Acacia, i lag med Guy Sigsworth som gjestevokalist.

Heap gav ut debutalbumet sitt, iMegaphone (1998) med alternativ rock, igjen i lag med Sigsworth. Etter kvart vart Heap droppa av Almo Sounds og dei neste åra utan platekontrakt framførte ho fleire songar for filmen G:MT – Greenwich Mean Time, gav ut to singlar og deltok på albumet You Had It Coming av gitaristen Jeff Beck i 2001. Tidleg i 2002 skipa Heap og Sigsworth den elektroniske duoen Frou Frou, og gav ut det einaste albumet sitt, Details (2002). Duoen vart oppløyst seint i 2003, men kom saman att for å spele inn ein versjon av Bonnie Tyler-songen «Holding Out for a Hero» for filmen Shrek 2.

Heap gav ut to singlar seint i 2004 («Just for Now» og «Goodnight and Go»). Det andre studioalbumet til Heap, Speak for Yourself (2005), kom ut i Storbritannia på hennar eige selskap, Megaphonic Records. Ein singel frå albumet, «Hide and Seek», vart den mest suksessrike songen hennar til no. Han selde til gullplate i USA og vart kraftig sampla av Jason Derulo på debutsingelen «Whatcha Say». Det tredje studioalbumet til Heap, Ellipse (2009), fekk stort sett god kritikk då det kom. I 2014 kom det fjerde albumet hennar, Sparks (2014).

Heap har fått to Grammyprisar og ein Ivor Novello-pris. Forskjellige artistar som Ariana Grande, Katy Perry og Taylor Swift har omtalt Heap som ei inspirasjonskjelde.

Diskografi iMegaphone (1998) Speak for Yourself (2005) Ellipse (2009) Sparks (2014)

Frou Frou Details (2002)

Gjesteartist Hate EP av Acacia (1996 • Radar Records) Sway EP av Acacia (1996 • Radar Records) Maddening Shroud EP av Acacia (1997 • WEA) Cradle av Acacia – alle spor utanom «Wire» (1997 • WEA) Blanket av Urban Species – «Blanket» og «Predictably Unpredictable» (1998) Amor Fati av Mich Gerber – «Embers of Love», «Sirens Call (Qishm)» og «Mare» (2000) ¡Viva Nueva! av Rustic Overtones – «Valentine's Day Massacre» (2001 • Tommy Boy Records) You Had It Coming av Jeff Beck – «Dirty Mind» og «Rollin' and Tumblin'» (2001 • Sony Music) Tell 'Em Who We Are av LHB – «Coming Up For Air» (2003 • Telstar TV) Contact Note av Jon Hopkins – «Second Sense» (2004 • Just Music) It's Better To Have Loved EP av Temposhark – «Not That Big (Metronomy Remix)» (2005 • Paper & Glue) Foiled av Blue October – «Congratulations» (2006 • Universal Records) Musikain av J. Peter Schwalm – «P.I.N.» (2006 • Musikain Records) Glittering Cloud (The Plague of Locusts) av Imogen Heap – «Plague Songs» (2006 • 4AD) The Invisible Line av Temposhark – «Not That Big» (2007 • Paper & Glue) London Undersound av Nitin Sawhney – «Bring It Home» (2008 • Cooking Vinyl) Kingdom of Welcome Addiction av IAMX – «My Secret Friend» (2009 • Metropolis Records) The Boy Who Knew Too Much av Mika – «By The Time» (2009 • Casablanca Records) Live at Ronnie Scott's – Jeff Beck – (2008 • Eagle Records) – (2009 • DVD) > album title goes here < av deadmau5 - «Telemiscommunications» (2012 • Mau5trap Recordings • Ultra Records) A Map of the Floating City av Thomas Dolby - «The Toad Lickers» (2011 • Lost Toy People) 1989 av Taylor Swift - «Clean» (2014 • Big Machine) One Love Manchester, «Hide and Seek» av Imogen Heap Do Not Revenge av Dan Black - «We Drift On» (2017 • Life Slash Dreams)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Imogen Heap» frå , den 19. juli 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske elektroniske musikarar Kategori:Engelske lydteknikarar Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske multi-instrumentalistar Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Folk frå London Borough of Havering Kategori:Musikarar frå London Kategori:Synthpop-songarar