Clarence Earl Robinson, kjend som Arnie Robinson, () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå San Diego i California som vart olympisk meister i lengdehopp i 1976, fire år etter han tok OL-bronsen i same øvinga.
Aktiv Robinson sette personleg rekord i 1970-sesongen med eit hopp på 7,88 meter. Året etter forbetra han seg til 8,04 m og vann lengdetevlinga i dei panamerikanske leikane 1971 i Cali med 8,02 m som best. I OL-sesongen 1972 flytta Robinson sitt personbeste lengdehopp til 8,13 m i San Diego den 8. april og til 8,14 m den 13. mai. Under sommarleikane i München kneip han bronsemedaljen etter å ha landa på 8,03 meter, klart slått av landsmannen Randy Williams som vart olympisk meister og av vesttyske Hans Baumgartner.
Den 25. mai 1974 flytta Robinson den personlege rekorden sin til 8,30 m då han vann eit stemne i Modesto i California. I OL-finalen i lengdehopp 1976 i Montréal smelte Robinson i den fyrste omgangen til med sitt livs lengste hopp på 8,35 meter og vann ein suveren gullmedalje framom Randy Williams på sølvplassen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arnie Robinson» frå , den 19. juli 2018.
World Athletics
Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976