Dirofilaria repens er ein parasittisk rundorm som påverkar hundar og andre rovdyr, så som kattar, ulv, prærieulv, rev og sjøløve, i tillegg til bisam. Parasitten vert overført av mygg. Sjølv om menneske kan smittast, vil som regel ikkje ormane nå vaksen alder i ein menneskekropp.
Epidemiologi Dirofilaria repens er oftast funne i Middelhavsregionen, Afrika sør for Sahara og Aust-Europa. Italia har den høgaste byrda av europeiske dirofilariasistilfelle hjå menneske - 66 %, etterfølgd av Frankrike (22 %), Hellas (8 %) og Spania (4 %).
Livssyklus
Myggen kan overføre parasitten til menneske ved at myggen får i seg embryo frå parasitten når han syg blod. I myggen utviklar embryoet seg til ein larve, og når myggen syg blod frå eit dyr eller menneske, nyttar larven høvet til å kravle inn i den nye verten. Der utviklar han seg til ein vaksen orm.
Livssyklysen til Dirofilaria repens
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Dirofilaria repens» frå , og «Dirofilaria repens» frå den 9. juli 2018.
Kategori:Zoonosar