Johannes Johnsen Grue () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Dalsbygda i Os i Østerdalen som representerte Venstre på Stortinget 1919-24.
Grue var son til ein gardbrukar. Etter to vintrar, 1891 og 1892, på folkehøgskular, byrja han sjølv drive gard i heimbygda frå han var 18 år gammal. I 1901 kjøpte han garden Ulset i Kvikne herad og flytta dit. Sidan dreiv han Ulset-garden, i tillegg var han postopnar i bygda frå 1916.
Frå 1910 var Grue medlem i heradsstyret i Kvikne, ordførar 1913-19. Han var elles formann i skogutvalet i heradet og i soknerådet, medlem i fattigstyret og i skulestyret. I mange år var han styreleier («direktør») i Kvikne Sparebank.
Perioden 1919-21 representerte Grue einmannskrinsen Nordre Østerdal på Stortinget, vald på eit Venstre-program. Etter attval hausten 1921 representerte han valkrinsen Hedmark på Stortinget til 1924. Den fyrste treårsbolken var han medlem i Protokollkomiteen, i den andre i Justiskomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet