Frampton Comes Alive! er eit dobbelt konsertalbum av den engelske rockemusikaren Peter Frampton, gjeve ut i 1976. Det er eit av dei bestseljande konsertalbuma i USA. «Show Me the Way», «Baby, I Love Your Way» og «Do You Feel Like We Do» vart gjevne ut som singlar. Etter fire soloalbum med lite kommersiell suksess, slo Frampton igjennom med dette konsertalbumet.

Albumet kom ut 6. januar 1976 og nådde etter kvart toppen av Billboard 200 i USA i veka som slutta 10. april 1976, og låg totalt på toppen i ti veker. Det vart det bestseljande albumet i 1976 i USA med over åtte millionar selde eksemplar og vart eit av dei bestseljande konsertalbuma gjennom tidene, med kring 11 millionar selde eksemplar verda over.

Frampton Comes Alive! vart stemt fram som «Årets album» av lesarane til Rolling Stone i 1976. Det låg 97 veker inne på lista og låg framleis på 14. plassen på årslista til Billboard for heile 1977. Det vart rangert på 41. plassen av Rolling Stone på lista deira over dei beste konsertalbuma gjennom tidene.

Bakgrunn og innspeling Albumet vart spelt inn sommaren og hausten 1975, hovudsakleg i Winterland i San Francisco og Long Island Arena i Commack i New York, i tillegg til songar frå konsertane i SUNY Plattsburgh i Plattsburgh i New York. Winterland-songane vart spelte inn med 24-sporsopptakar. Dei andre vart spelte inn med 16-sporsopptakar.Frampton Comes Alive In 5.1 – Mixonline.com

Konsertalbumet var meint å kome ut på ein enkel LP, men etter forslag frå A&M Records vart det spelt inn nok songar til eit dobbeltalbum.

Utgjeving Det doble albumet kom ut i USA med redusert pris, 7,98 dollar, som berre var éin dollar over det ei enkelplate kosta i 1976.

Det vart gjeve ut tre hitsinglar frå albumet: «Baby, I Love Your Way», «Do You Feel Like We Do» og «Show Me the Way». Talk box-effekten vart kraftig assosiert med Frampton då han vart nytta på dei to sistnemnde singlane.

I januar 2001 kom det ut ei 25-årsjubileumsutgåve av albumet med fire ekstraspor som ikkje var med på originalutgåva.

Innhald Alle songar skrivne av Peter Frampton, utanom der andre er nemnde.

25th-årsjubileumsutgåva

Medverkande Peter Frampton – solovokal, sologitar, talkbox på «Do You Feel Like We Do» og «Show Me The Way» Bob Mayo – rytmegitar, piano, Fender Rhodes elektrisk piano, Hammondorgel, vokal Stanley Sheldon – bassgitar, vokal John Siomos – trommer

Salslister

Album År Liste Plassering 1976 US Billboard 200 1 Kanadiske RPM 100 1 UK Album chart 6

Singlar År Singel Liste Plassering 1976 «Baby, I Love Your Way» US Pop Singles 12 UK Pop Singles 43 «Do You Feel Like We Do» US Pop Singles 10 UK Pop Singles 39 «Show Me the Way» US Pop Singles 6 UK Pop Singles 10

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frampton Comes Alive!» frå , den 8. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Peter Frampton-album Kategori:Konsertalbum frå 1976 Kategori:A&M Records-album Kategori:PolyGram-album Kategori:Album produserte av Peter Frampton