Elizabeth McColgan-Nuttall, fødd Lynch, () er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Dundee som vart verdsmeister på 10 000 meter i 1991 og tok OL-sølv på same distansen i 1988.

Aktiv Sommaren 1986 vart McColgan samveldemeister på 10 000 m og nummer sju på same distansen ved europameisterskapen i Stuttgart. Året etter kom ho på andreplass ved terrengløp-VM i Warszawa og på femteplass i milløpet under VM i Roma. I dei olympiske leikane i Seoul hausten 1988 heldt leia ho milløpet til sisterunden, der ho vart forbigått av Olga Bondarenko og måtte nøye seg med sølv.

I 1990 forsvarte McColgan samveldetittelen på 10 000 meter i Auckland. Etter å ha vorte mor i november 1990 kom ho tilbake og vann New York maraton våren 1991 og under verdsmeisterskapen i Tokyo var ho aldri truga i kampen om gullmedaljen på 10 000 meter. Året etter var McColgan tilbake i Tokyo der ho sigra i byen sitt maratonløp.

McColgan vann kvinneklassa i London maraton 1996 og vart nummer to i same tevlinga i 1997 og i 1998. I 1997-løpet kom ho mål på 2.26,52, hennar livs fortaste maratonløp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Nr 7 på 10 000 m – 31.49,4 og nr 12 på 3 000 m – 9.02,4 VM 1987 i Roma: Nr 5 på 10 000 m - 31.19,2 OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje på 10 000 m – 31.08,4, bak Olga Bondarenko (31.05,3) VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje på 10 000 m – 31.14,3, framom Zhong Huandi (31.35,0) OL 1992 i Barcelona: Nr 5 på 10 000 m – 31.26,1 VM 1995 i Göteborg: Nr 6 på 10 000 m – 31.40,1 OL 1996 i Atlanta: Nr 16 i maraton – 2.34.30

McColgan sine personlege rekordar er 8.38,2 (1991) på 3 000 m, 14.59,5 (1995) på 5 000 m og 30.57,0 (1991) på 10 000 m.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Liz McColgan» frå , den 8. juni 2018.

World Athletics

Kategori:Britiske langdistanseløparar Kategori:Maratonløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996