Frampton er det fjerde studioalbumet til den engelske rockemusikaren Peter Frampton, gjeve ut i 1975 før han drog på turné og spelte inn Frampton Comes Alive! Dei mest kjende songane på albumet er «Show Me the Way» og «Baby, I Love Your Way», som vart store hittar då dei vart gjevne ut som singlar frå Frampton Comes Alive! Albumet nådde 32. plassen på Billboard 200.
Bakgrunn For dette albumet henta Frampton inn Andy Bown til på spele bass, etter at den førre bassisten hans, Rick Wills slutta under ein turné for å vere med familien og sin nyfødde baby. John Siomos var framleis med på trommer, medan Frampton spelar alle andre instrument, hovudsakleg gitar og klaverinstrument, sjølv. Sidan henta Frampton inn amerikanarane Bob Mayo (klaverinstrument, gitar, vokal) og Stanley Sheldon (bass, vokal) for å turnere.
Det tok tre veker å skrive musikken til albumet. I oktober 1974 drog Frampton til Clearwell Castle i Gloucestershire, med Ronnie Lane's Mobile Studio parkert utafor. Ytterlegare lydspor vart spelte inn i Olympic Studios i London.
Albumet Frampton spelar i forskjellige stilartar på albumet, både instrumentalt og vokalt. Fleire ssongar har akustisk og elektrisk gitar, som på «The Crying Clown» og den akustiske instrumentalen «Penny For Your Thoughts». «Nowhere's Too Far (For My Baby)» og «Day's Dawning» er døme på melodisk arenarock på albumet.
Dette albumet gjorde det langt betre enn dei tidlegare albuma hans, og gjekk til 32. plassen på Billboard 200, og danna grunnlaget for det særs populære konsertalbumet som kom året etter, Frampton Comes Alive!.
Innhald
Alle songar er skriven av Peter Frampton.
Medverkande Peter Frampton - solovokal, solo- og rytmegitar, akustisk gitar, piano, orgel, talkbox, bassgitar på «Baby I Love Your Way» Andy Bown - bassgitar John Siomos - trommer, perkusjon
Andre medverkande Poli Palmer - vibrafon på «The Crying Clown»
Produksjon Produsent: Peter Frampton, Chris Kimsey Lydteknikar: Chris Kimsey, Andy Knight Miksing: George Marino Mastering: George Marino, Doug Sax, Arnie Acosta Kunstnarisk leiar: Vartan, Roland Young, Junie Osaki Fotografi: Mike Zagaris Ansvarleg og koordinering: Beth Stempel, Bill Levenson Management: Dee Anthony
Salslister Album ÅrListePlassering1975Pop Albums32
Salstrofé Organisasjon Nivå Dato RIAA - USA Gullplate 13. september 1976
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Frampton (album)» frå , den 8. juni 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Peter Frampton-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Peter Frampton