James McCulloch () var ein britisk musikar og låtskrivar, mest kjend for å spele sologitar og bass, som medlem av Paul McCartney sitt Wings frå 1974 til 1977. McCulloch var medlem av det psykedeliske bandet One in a Million frå Glasgow, Thunderclap Newman og Stone the Crows.
McCulloch spelte på mange andre album, som John Entwistle sitt Whistle Rymes i 1972, og som sologitarist i lag med Peter Frampton på «Apron Strings» og I Feel Better. McCulloch spelte òg gitar på Roger Daltrey sitt One of the Boys som kom ut i 1977. McCulloch var ein ven av The Who og medlem av bandet Thunderclap Newman, som vart skapt og produsert av mentoren hans, Pete Townshend. 11 år gammal fekk han òg gitartimar hos The Shadows-gitaristen Hank Marvin. Broren hans er trommeslagaren Jack McCulloch.
Den 27. september 1979 vart McCulloch funnen død av broren i leilegheita si i Maida Vale i London.McCartney: Songwriter s. 121 Ein obduksjon synte at han døydde av hjartesvikt på grunn av morfin- og alkoholforgifting. Han vart berre 26 år gammal, men var aldri kjend for misbruke narkotika.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jimmy McCulloch» frå , den 20. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skotske rockegitaristar Kategori:Wings-medlemmar Kategori:Skotske songarar Kategori:Skotske låtskrivarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Døde av overdose