Band on the Run er det tredje studioalbumet til Paul McCartney and Wings, gjeve ut i desember 1973. Det markerte det femte albumet til Paul McCartney etter The Beatles vart oppløyst i april 1970. Sjølv om det først selde moderat fekk det etter kvart hjelp av to hitsinglar – «Jet» og «Band on the Run» – og vart eit av dei bestseljande studioalbuma i 1974 i Storbritannia og Australia, og McCartney vann attende gunsten til kritikarane. Det er det mest suksessrike og det mest kritikarroste albumet til McCartney etter The Beatles.
Det meste av Band on the Run vart spelt inn i studioet til EMI i Lagos i Nigeria, sidan McCartney ønskte å lage eit album på ein eksotisk stad. Kort tid før dei drog til Lagos, slutta trommeslagaren Denny Seiwell og gitaristen Henry McCullough i gruppa. McCartney hadde ikkje tid til å hente inn erstattar og gjekk i studio med berre kona Linda og Denny Laine, og spelte det meste av trommer, perkusjon og sologitaren sjølv, i tillegg til bass. Då dei kom fram oppdaga dei at studioet var i dårleg stand og tilhøva i Nigeria var både spente og vanskelege. McCartney-paret vart truga med kniv og rana, og ranaren fekk med seg ein bag med ein uferdig songtekst og demolydband. Etter bandet kom attende til England la dei til fleire lydspor på det dei hadde gjort i Nigeria og spelte inn litt meir for albumet. Dette vart hovudsakleg gjort i AIR Studios i London.
I 2000 rangerte magasinet Q albumet på 75. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2012 vart Band on the Run rangert på 418. plassen av Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Ei melding av Jon Landau i Rolling Stone då albumet kom ut, skildra det som «kanskje med unntak av John Lennon sitt Plastic Ono Band, det beste albumet som dei fire musikarane frå det som ein gong var The Beatles, har gjeve ut». Posted on 21 January 1997. Det var det siste albumet McCartney gav ut på selskapet Apple.
Innhald
Plate 3 (luksusutgåva) Denne plata inneheld ein lyddokumentar om albumet, opphavleg frå 1999.
DVD (spesial- og luksusutgåva frå 2010) «Band on the Run» (musikkvideo) «Mamunia» (musikkvideo) Album promo «Helen Wheels» (musikkvideo) Wings in Lagos Osterley Park One Hand Clapping Innhald: One Hand Clapping Theme «Jet» «Soily» «C Moon» «Little Woman Love» «Maybe I'm Amazed» «My Love» «Bluebird» «Let's Love» (ikkje utgjeven før) «All of You» (ikkje utgjeven før) «I'll Give You a Ring» «Band on the Run» «Live and Let Die» «Nineteen Hundred and Eighty Five» «Baby Face»
Bonus-DVD (spesialutgåva frå Best Buy) Best Buy-versjonen av albumet kom med ein fjerde disk med ein bonus-DVD.
Band on the Run 2010 EPK «Jet» – henta frå Good Evening, New York City «Mrs. Vandebilt» – henta frå Good Evening, New York City «Band on the Run» – henta frå Good Evening, New York City
Medverkande Bandmedlemmar Paul McCartney – vokal; bass, akustisk and elektrisk gitar; piano, klaverinstrument; trommer og perkusjon Linda McCartney – vokal, piano, klaverinstrument Denny Laine – vokal; akustisk, elektrisk gitar, bassgitar; klaverinstrument; perkusjon
Andre medverkande Howie Casey – saksofon Ginger Baker – perkusjon Remi Kabaka – perkusjon Tony Visconti – orkestrering Ian Horn and Trevor Jones – korvokal Geoff Emerick – plateprodusent og lydteknikar Steve Howard – blåseinstrument
Salslister
Originalutgåve Liste (1973–75) PlasseringAustralske Kent Music ReportKent 19931Den belgiske albumlista4Den kanadiske RPM-lista1Den nederlandske albumlista5Den japanske Oricon-listaOricon Entertainment 200611Den norske VG-lista1Den spanske albumlista1Den svenske albumlista5UK Albums Chart1US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista15
1999-utgåva Liste (1999) PlasseringDen japanske albumlista56UK Albums Chart69US Top Pop Catalog Albums1 Liste (2010) PlasseringDen belgiske albumlista (Flandern)89Den belgiske albumlista (Vallonia)96Den nederlandske albumlista34European Top 100 Albumshttp://www.billboard.com/#/charts/european-albums?tag=relcharts46Den japanske albumlista25Den spanske albumlista47UK Albums Chart17US Top Pop Catalog Albums3US Billboard 20029
Årslister Liste (1974) PlasseringDen australske albumlista1Den kanadiske albumlista1UK Albums Chart2US Billboard Year-End3 Liste (1974) PlasseringDen australske albumlista86
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Band on the Run» frå , den 19. mai 2018.
Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Wings-album Kategori:Apple Records-album Kategori:Plateomslag av Storm Thorgerson Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Columbia Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Spania Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i Canada 418| 4