Donkey Kong Country: Tropical Freeze er eit plattformspel utvikla av Retro Studios og utgjeve av Nintendo. Spelet blei utgjeve til Wii U i februar 2014 og er ein oppfølgjar til Donkey Kong Country Returns frå 2010. Ei utvida utgåve av spelet blei utgjeven til Nintendo Switch i mai 2018.
Tropical Freeze byggjer på dei same spelemekanikkane som dei tidlegare spela i Donkey Kong Country-serien. Spelet handlar om Donkey Kong og hans allierte som kjempar mot vikingstammen Snowmads og må reise gjennom seks ulike øyar. Spelaren styrer Donkey Kong, som kan få hjelp frå ein følgjesvein, som anten gjev Donkey Kong nye evnar eller som kan kontrollerast individuelt av ein annan spelar.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Dataspel frå 2014 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Plattformspel Kategori:Wii U-spel