Sky «Sunlight» Saxon () var ei amerikansk rockemusikar, mest kjend som leiar og songar i det psykedeliske garasjerockband The Seeds i Los Angeeles på 60-talet.«Sky Saxon, Seeds Singer and Bassist, Dies at 63», Press release, TransWorld News, 25. juni 2009

Karriere Saxon byrjar karrieren sin som doo-wop-songar tidleg i 1960-åra med namnet Little Richie Marsh.Austin Powell, «Off the Record Music News», The Austin Chronicle, 13. mars 2009, Henta 18. juni 2009 Etter å ha endra namn til Sky Saxon, skipa han The Electra-Fires i 1962 og så Sky Saxon & the Soul Rockers.M. C. Strong (ed), The great rock discography, Giunti, 1998, p.731 Fleire av desse tidlege songane vart gjevne ut i 1983 på albumet New Fruit from Old Seeds / The Rare Sky Saxon, Volume One.

I 1965 skipa Saxon det psykedelisk flower power-bandet The Seeds med Jan Savage (gitar), Rick Andridge (trommer) og Darryl Hooper (klaverinstrument).Herbert Goldberg , «Contemporary Popular Music», The Journal of Popular Culture, Volume 4 Issue 3, 1970, Pages 579–589 Dei fekk hittar som «Can't Seem to Make You Mine», «Mr. Farmer» og «Pushin' Too Hard». Songstilen til Saxon vart kritisert av Lester Bangs som ei amerikansk etterlikning av Mick Jagger,Lester Bangs, «Protopunk: The Garage Bands», in Miller, Jim (Ed) Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll, Random House, New York, 1980 medan Michael Hicks reknar stilen som ei komplisert blanding av Jagger, Eddie Cochran og Buddy Holly.Michael Hicks, Sixties Rock: Garage, Psychedelic, and Other Satisfactions, University of Illinois Press, 2000, p.9

Etter The Seeds I 1970-åra fortsette Saxon å arbeide med musikk og gav ut fleire singlar og nokre få sjølvstendige album, ofte med namna Sky Sunlight Saxon, The New Seeds eller variantar av dette.

I 1973 vart han medlem av den religiøse gruppa Source Family, og det var her han fekk namna Sunlight og Arlick.John Wisniewski, «Mr. Seed», Interview, Horror Garage, horrorgarage.com, Henta 18. juni 2009Isis Aquarian and Electricity Aquarian, The Source: The Untold Story of Father Yod, YaHoWha 13, and The Source Family , Process, 2007. oktober p.115 I 1998 sette Saxon saman ei samlinga av 13 CD-ar med psykedelisk, primitiv musikk spelt inn av bandet til denne religiøse gruppa, Ya Ho Wa 13 1970-åra.Doug Harvey, «Father Yod Knew Best» , LA Weekly, 30. august 2007, Henta 18. juni 2009

I 2008 samarbeidde Saxon og The Seeds på nokre nye ongar med Billy Corgan frå Smashing Pumpkins.«Superchrist lives!» , smashingpumpkins.com, 9. januar 2008, Henta 18. juni 2009 Saxon var seinare med i musikkvideoen til Smashing Pumpkins-songen «Superchrist».«2008 The people: Interview with Gingger Shankar» , smashingpumpkins.com, 19. desember 2008, Henta 18. juni 2009

Den 25. juni 2009 døydde Saxon uventa på eit sjukehus i Austin i Texas etter at ein enkel infeksjon hadde spreidd seg til organa hans. Han døydde av hjarte- og nyresvikt, 71 år gammal.

Mediadekninga av dødsfallet hans hamna stort sett i skuggen av Michael Jackson, som døydde same dagen.

Den 24. juli 2009 heldt medlemmar av The Smashing Pumpkins, Love og The Electric Prunes ein minnekonsert i Los Angeles for Saxon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sky Saxon» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Sky Saxon – Minneord i Daily Telegraph

Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Musikarar frå Salt Lake City Kategori:Protopunk-musikarar