«Scattered» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks. Songen er skriven av Ray Davies og kom ut som det avsluttande sporet på albumet Phobia, det siste albumet bandet gav ut. Det var òg den siste originale singelen bandet gav ut.

Utgjeving

«Scattered» vart gjeven ut på singel i Europa som singel i 1993, 21 dagar før sjølve albumet. Songen kom så ut på Phobia. Etter songen «Only a Dream» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i Storbritannia, var «Scattered» planlagt som ein oppfølgjar til. Men då «Only a Dream» selde for dårleg, vart singelen «Scattered» kansellert, trass i at han var blitt marknadsført. Likevel hamna enkelte av singlane ut på den britiske marknaden og vart eit samlarobjekt. Eit år seinare droppa Columbia Records The Kinks.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scattered (The Kinks song)» frå , den 28. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1993 Kategori:MCA Records-singlar