Rick Huxley () var ei engelsk musikar som spelte bass i The Dave Clark Five, ei gruppe som var ein del av den britiske bølgja.

Huxley vart med i gruppa i 1958 og spelte på alle hittane deira, som «Glad All Over» og «Bits and Pieces». Han var det einaste bandmedlemmet som ikkje var låtskrivar. Etter gruppa vart oppløyst i 1970 byrja Huxley som eigedomsutviklar, men hadde framleis ein fot i musikkindustrien. I mars 2008 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av bandet.

Huxley døydde 11. februar 2013, 72 år gammal, etter å ha vore sjuk med emfysem i nokre år. Kona hans, Anne, hadde døydd året før.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rick Huxley» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Folk frå Dartford Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Døde av emfysem Kategori:Musikarar frå Kent Kategori:The Dave Clark Five-medlemmar