«(Wish I Could Fly Like) Superman» er ein song skriven av Ray Davies og spelt av The Kinks i 1979 på albumet Low Budget. Songen var inspirert av Superman: The Movie med ein discorytme og ein tekst som skildrar at songaren ynskjer han kunne fly slik Supermann (Christopher Reeve) gjer i filmen. Discostilen på songen kom etter sjefen i Arista Records, Clive Davis, bad om ein «ein nattklubbvenleg song», trass i at Ray Davies sjølv hata disco.
Songen vart gjeven ut som den første singelen frå Low Budget, og vart ein moderat hit i Nord-Amerika. Han har sidan vore med på mange samle- og konsertalbum.
Background
Ray Davies vart inspirert til å skrive «(Wish I Could Fly Like) Superman» etter å ha sett Superman: The Movie seint i 1978. Ray Davies har sagt at songen vart skriven som ein spøk etter at sjefen for plateselskapet, Clive Davis, sa han ønskte ein song som kunne spelast på dansegolvet.
«(Wish I Could Fly Like) Superman» og B-sida «Low Budget» var dei første songane som vart spelte inn for albumet Low Budget i Konk Studios i London, medan resten av albumet vart spelt inn i New York.
Tekst og musikk Songen påkallar òg ein annan film frå denne tida, Saturday Night Fever, og 60-talshitten til The Animals, «We Got to Get Out of This Place.» Teksten skildrar ein vanleg mann som drøymer om å vere Supermann for å kom seg gjennom forskjellige samfunnsproblem. Teksten kombinerer «fantasy» (fantasi) og «mundanity» (kvardagsleg) to av favorittemna til Davies.
«(Wish I Could Fly Like) Superman» har ein disco-aktig stil, men på konsertane spelte dei ofte songen som ein hardrocksong.
Utgjeving og mottaking
«(Wish I Could Fly Like) Superman» med «Low Budget» vart gjeven ut som den første singelen frå Low Budget. Singelen selde dårleg i Europa, men fekk ein viss suksess i Nord-Amerika og nådde 41. plassen på den amerikanske Billboard-lista og 43. plassen på den kanadiske RPM-lista. Dei andre singlane frå albumet nådde ikkje salslistene.
Medverkande Ray Davies – solovokal Dave Davies – sologitar Mick Avory – trommer Jim Rodford – bassgitar
Salslister
Liste (1979-1980)PlasseringAustralian Singles Chart71Canadian RPM Singles Chart43US Billboard Hot 10041
Kjelder Denne artikkelen bygger på «(Wish I Could Fly Like) Superman» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar om teikneseriar