«Predictable» er ein song av The Kinks frå 1981 på albumet Give the People What They Want. Songen vart skriven av Ray Davies.
Tekst
Teksten på «Predictable» skildrar det monotone i livet til ein vanleg mann. Men songaren har håp om at det ein dag skal bli betre. Som mange andre songar av Davies er det ein sarkstisk kommentar om livet i mellomklassen.
Utgjeving
«Predictable» vart først gjeven ut i Storbritannia på singel, i lag med B-sida «Back to Front». Singelen selde ikkje godt, trass i at den førre singelen, «Better Things», hadde blitt populær. I USA vart songen berre gjeven ut på albumet, og ikkje på singel.
Robert Christgau sa at songen «Predictable» («Føreseieleg») var «sjølvoppfyllande», og indikerte at songen ikkje var særskild unik.
Musikkvideo
For å marknadsføre songen spelte Ray Davies inn ein video for «Predictable» i London. Davies er den einaste som er med i video, og går i forskjellige klesstilar frå 1930- til 1980-åra. Vidoeen var produsert av Michael Hamlyn, og regissert av Julien Temple. Videoen vart første gongen vist på MTV i desember 1981. Videoen var den første av mange The Kinks filma.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Predictable (The Kinks song)» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple