Alfaf (gammalsyrisk ܛܘܪܐ ܕܐܠܦܐܦܐ), òg kalla Maqlub (جبل مقلوب på arabisk), er eit fjell på Ninevehsletta i Nord-Irak. Fjellet ligg 30 km nordaust for Mosul og kring 15 km frå Bartella. Den største byen i fjellet er Marge, som er busett av gammalsyrisk ortodokse assyrarar.

Fjellet er kjent for Mar Mattai-klosteret som ligg nær den sørlege toppen. Her finst fleire eremitasjar daterte attende til 300- og 400-talet fvt. Dei viktigaste av desse er: Mar Mattai-eremitasjen, der i følgje gammalsyrisk tradisjon, Sara, syster til Mar Behnam, på mirakuløst vis vart lækja for spedalskheit av Mar Mattai. Bar Hebraeus-eremitasjonen var busett av Bar Hebraeus i levetida hans. Spioneremitasjen på toppen av fjellet der ein gjekk vakt på skift for å åtvare innbyggjarane i klosteret om bandittar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Alfaf» frå , den 23. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Ninevehslettene Kategori:Fjell i Irak