Cheekha Dar, Çîxî Derê (arabisk چیخی دەرێ) er eit fjell ein meiner er det høgaste i Irak. Det vert hevda å vere 3 611 meter over havet i CIA World Factbook. Det ligg seks kilometer nord for landsbyen Gundah Zhur og på grensa til Iran.
Det vart klatra i november 2004 av den engelske utforskaren Ginge Fullen, som registerte ei GPS-måling på 3 628 meter over havet.
Den første vinterklatringa av fjellet vart utført av Jonathan Beswick og Matthew DuPuy den 18. mars 2011. Den ekspedisjonen målte høgda 3 611 meter over havet med GPS. Det er fare for landminer i området opp til fjellet mellom Hamilton Road og landsbyen Gundah Zhur. Somme felt er markerte med raude, trekanta skilt. Det er mogeleg å fine kurdisk militærtransport gjennom området i bye Choman.
Ein nærliggande fjelltop heiter Halgur me ei høgd ein trur er 3 607 meter over havet. Tidlegare trudde ein at dette var et høgaste fjellet i Irak.
Sjå òg Irakisk Kurdistan
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cheekah Dar» frå , den 24. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjell i Irak Kategori:Fjell i Kurdistan Kategori:Fjell i Iran Kategori:Internasjonale fjell i Asia Kategori:Den iransk-irakiske grensa Kategori:Høgaste punkt