«Doom and Gloom» er den første singelen frå GRRR!, eit samlealbum i høve 50-årsjubileet til The Rolling Stones. Han hadde premiere på BBC Radio 2 den 11. oktober 2012. Songen markerte første gongen Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts og Ronnie Wood hadde vore i studio i lag på sju år, etter albumet A Bigger Bang var ferdig i 2005. Ein video med tekst kom ut på YouTube same dagen.

Songen nådde 61. plassen på UK Singles Chart, 26. plassen på Billboard Japan Hot 100 og 30. plassen på Billboard Rock Songs-lista i oktober 2012.

Rolling Stone kåra «Doom and Gloom» til den 18. beste songen i 2012.

Songen vart spelt under rulleteksten til filmen A Good Day to Die Hard.

Komposisjon Opningsriffet på songen vert spelt av Jagger. Richards kommenterte at Jagger var drivkrafta bak songen og at Jagger spelte opningsriffet: «Eg bryr meg ikkje. Han hadde aldri lært seg å spele gitar utan eg viste han korleis han skulle gjere det.»

Musikkvideo Ein musikkvideo for songen kom ut 20. november 2012 og var regissert av Jonas Åkerlund i Cité du Cinéma i Saint-Denis med Noomi Rapace.

Medverkande Mick Jagger – vokal, rytmegitar, perkusjon, produksjon Keith Richards – rytmegitar, produksjon Ronnie Wood – sologitar, lapsteelgitar Charlie Watts – trommer

Andre medverkande Darryl Jones – bassgitar Chuck Leavell – Hammondorgel Jeff Bhasker – Moog og Juno synthesizer, produksjon Emile Haynie – trommeprogrammering, produksjon

Salslister Liste (2012–13) PlasseringIreland (IRMA)55 Japan (Billboard Japan Hot 100) 26UK Singles (Official Charts Company)61UK Airplay Top 50 21US Rock Songs (Billboard)30US Hot Dance Club Songs (Billboard)24US Heritage Rock8US Triple A (Billboard)10

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Doom and Gloom» frå , den 30. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Musikkvideo

Kategori:Songar frå 2012 Kategori:Singlar frå 2012 Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av Jeff Bhasker Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Songar produserte av Emile Haynie Kategori:Musikkvideoar regisserte av Jonas Åkerlund Kategori:Universal Music Group-singlar