The Ventures in Space er eit studioalbum av den gitarbaserte instrumentalgruppa The Ventures. Albumet kom ut 25. januar 1964. I følgje informasjon på plateomslaget vart alle unike, utanomjordlege lydar på albumet skapt av musikkinstrument og ikkje elektroniske apparat. Det var eit av ei første albuma der gruppa spelte med nye Mosrite-gitarar i staden for dei tradisjonelle Fender-gitarane. Albumet kom opphavleg ut på Dolton, men seinare i 1970-åra kom det ut på Pickwick Records med nytt plateomslag.
Mottaking
I meldinga si for Allmusic skreiv Richie Unterberger om albumet «Få lyttarar treng å grave djupare enn ei samleplate med The Ventures, men dette tidlege albumet er absolutt eit unntak. Den britiske instrumentalgruppa The Tornados (som hadde «Telstar») gjorde slikt betre, men Ventures in Space er eit artig sidespor frå den vanlege stilen som held seg bra.»
Innhald
Medverkande Ventures Don Wilson - gitar Nokie Edwards - gitar Bob Bogle - bass Mel Taylor - trommer
Andre musikarar Red Rhodes - pedalsteelgitar
Teknisk Robert Reisdorff – producer Eddie Brackett – lydteknikar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Ventures in Space» frå , den 28. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1964 Kategori:The Ventures-album Kategori:USA-amerikanske psykedeliske rockealbum Kategori:Dolton Records-album Kategori:Instrumentalalbum