Mel Taylor () var ein USA-amerikanske trommeslagar, og spelte trommer for The Ventures frå 1962 til 1996. Han var den eldre broren til Canned Heat-bassisten Larry Taylor.
Musikalsk karriere Etter å ha spelt trommer for Boris Pickett og Herb Alpert, vart Taylor med The Ventures i 1962, då han erstatta Howie Johnson, som hadde skadd seg i ei bilulukke. Johnson spelte ein periode med nakkekrage, men ville ikkje vere lenge borte frå familien om gangen, og valde å slutte. Taylor hadde ein markant, hard rockestil som imponerte medlemmane i bandet og dei spurte om han ville bli fast medlem.
Taylor gav ut eit soloalbum i 1965 («Mel Taylor & The Magics In Action»). I 1972 valde han å forlate The Ventures for å satse på ein solokarriere, og skipa bandet Mel Taylor & The Dynamics. I denne tida gav dei ut fire album: 007 James Bond, Sand, Sea and Love, Mel Taylor in Japan og Roll over Beethoven. Taylor kom med i The Ventures att i 1979 og vart verande trommisen deira fram til han døydde i 1996. Då han dødyde overtok sonen hans, Leon Taylor, rolla som trommeslagar i bandet.
Diskografi In Action! - Mel Taylor & The Magics(1966) Drums A-Go-Go Live in Japan (1973) Roll Over Beethoven (1973) The Very Best Of Mel Taylor (2002)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mel Taylor» frå , den 1. mars 2018. oppgav desse kjeldene: http://www.theventures.com/index.php?pg=band-bio
Bakgrunnsstoff
Mel Taylor på Drummerworld.com
Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:The Ventures-medlemmar