Have 'Twangy' Guitar Will Travel er debutalbumet til gitaristen Duane Eddy. Albumet kom ut i 1958 på Jamie Records og inneheldt fem singlar som alle gjekk inn på hitlista i USA og ei B-side frå ein av singlane.

Bakgrunn

Etter å ha gjeve ut ei rekkje suksessrike singlar, gav Eddy ut det første albumet sitt, Have 'Twangy' Guitar Will Travel den 9. januar 1958 i ei blanding av tidleg rock & roll, swing, country og blues, og det inneheld fleire coverversjonar i tillegg til originale komposisjonar. Han spelte med bandet sitt, The Rebels, som bestod av Al Casey på rytmegitar, kona hans Corki Casey på rytmegitar, Steve Douglas på saksofon, Buddy Wheeler på bass og både Mike Bermani og Bob Taylor på trommer. I tillegg spelte fleire gjesteartistar som The Sharps (seinare kalla The Rivingtons), som song korvokal.http://www.waybackattack.com/eddyduane.html Albumet låg 82 veker inne på Billboard-lista i 1959 og 1960 og nådde femteplassen som det høgaste. Fem singlar kom ut både før og etter albumet, og nådde alle Billboard Hot 100. Eddy gav ut ni album til som nådde albumlista og i alt 26 hitsinglar dei neste fem åra.

Eddy og albumet skapte fleire imitatorar som Rock-A-Teens, The Fabulous Wailers, The Frantics, The Fireballs og til slutt The Ventures.

Innhald

Medverkande

The Rebels Duane Eddy – gitar Al Casey – elektrisk bass, piano, rytmegitar Steve Douglas – saksofon Corki Casey O'Dell – rytmegitar Buddy Wheeler – elektrisk bass Bob Taylor – trommer Mike Bermani – trommer

Gjestemusikarar Plas Johnson – saksofon Gil Bernal – saksofon Ike Clanton – bass Jimmy Simmons – kontrabass Jimmy Wilcox – bass Donnie Owens – rytmegitar The Sharps – korvokal

Teknisk Lee Hazlewood – plateprodusent Lester Sill – produsent Jack Miller – lydteknikar Eddie Brackett – lydteknikar Greg Vaughn – mastering Tom Moulton – mastering Ben Demotto – tekst i omslaget

Salslister År Tittel U.S. Billboard 200UK Albums ChartSelskap og nummer 1958Have 'Twangy' Guitar Will Travel56Jamie JLPS-3000

Singlar År TittelBegge sider frå same album utanom der anna er nemnt Salslister Billboard CashboxUK 1958 «Moovin' N' Groovin' »med «Up and Down» (frå $1,000,000 Worth of Twang, Volume II) 7254- «Rebel Rouser»med «Stalkin'» 6719 «Ramrod»med «The Walker» (ikkje på album) 2733- «Cannonball»med «Mason Dixon Lion» (ikkje på album) 151622 1959 «The Lonely One»med «Detour» 2319-

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Have 'Twangy' Guitar Will Travel» frå , den 24. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Duane Eddy-album Kategori:Debutalbum frå 1958 Kategori:Jamie Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Lee Hazlewood Kategori:Musikkalbum produserte av Lester Sill