«Rebel-'Rouser» er ein rock and roll-instrumental spelt inn av Duane Eddy. Han vart gjeven ut på singel i 1958 og nådde sjetteplassen på poplista i USA.Koda, Cub (1994). Rock Instrumental Classics Volume 1: The Fifties (p. 14) [CD booklet]. Los Angeles: Rhino Records. Songen kom òg ut på Eddy-albumet Have 'Twangy' Guitar Will Travel. Melodien var i følgje Eddy ikkje basert på «When the Saints Go Marching In» som mange har trudd, men var laust inspirert av «Who’s Gonna Shoe Your Pretty Little Feet», ei gammal folkevise Eddy lærte frå ei Tennessee Ernie Ford-plate. Eddy har snakka om at han lytta til Tennessee Ernie Ford si innspeling for inspirasjon morgonen då han spelte inn «Rebel-'Rouser». Songen vart nytta i 1994 i filmen Forrest Gump og var med på filmmusikkalbumet. Songen vart òg nytta i videospelet Mafia II i 2010.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rebel Rouser» frå , den 24. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Allmusic
Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Duane Eddy-songar Kategori:Songar skrivne av Duane Eddy Kategori:Songar skrivne av Lee Hazlewood Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Rockeinstrumentalar Kategori:Jamie Records-singlar