mini|Refvikvatnet med Refvik-bygda lengst til venstre. Refvikvatnet naturreservat er eit 520 dekar stort naturreservat sør for bygda Refvik i Kinn kommune.

«Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til strandsjøen som naturtype og området sin verdi for våtmarksfugl i trekktidene.» Området vart freda 20. desember 1991. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er forvaltingsstyresmakt for områdetForskrift om fredning av Refvikvatnet naturreservat

Refvikvatnet er ein strandsjø som ligg berre fire moh. Den er oppdemt av lausmasser frå havet og er ein naturtype som er svært sjeldan i Sogn og Fjordane, men òg i Noreg. Vatnet er næringsfattig, men har stor verdi som trekk- og overvintringsplass for andefuglar og vadefuglar. Det er påvist 44 fuglearter i området, men det er ønskeleg å gjera fleire undersøkingar for å få betre ornitologiske data frå området.

Referansar

Kategori:Naturreservat i Vestland Kategori:Verneområde oppretta i 1991 Kategori:Geografi i Kinn