mini|Den faste voldgiftsdomstolen held til i Fredspalasset i Haag.

Den faste skilsdomstolen (fransk Cour permanente d'arbitrage, engelsk Permanent Court of Arbitration) er ein internasjonal domstol for frivillig løysing av konfliktar mellom statar.

Soge Domstolen vart oppretta ved konvensjon i 1899 etter den første fredskonferansen i Haag. Traktaten vart revidert i 1907 etter den andre fredskonferansen i Haag.History , Permanent Court of Arbitration. Domstolen handsamar no òg saker som har mellomstatlege organisasjonar og private som partar.About Us , Permanent Court of Arbitration. I alt 115 statar er medlem av domstolen.Member States , Permanent Court of Arbitration. Domstolen held til i Fredspalasset i Haag i Nederland.

Etter skipinga i 1899 vart nordmannen Gregers Gram utnemnd til skilsdommer.Gregers Gram, regjeringen.no. Sidan ein norsk-svensk grensekommisjon i 1897 ikkje vart samde om sjøgrensa ved Grisbådarna, der det var eit rikt hummerfiske, vart saka løyst ved skilsdom av Den faste skilsdomstolen, som fatta vedtaket sitt i 1909.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Den faste voldgiftsdomstolen» frå , den 11. februar 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Internasjonal rett Kategori:Internasjonale domstolar Kategori:Permanente observatørar i SN