mini|Kanape frå ca. 1840. Kanapé eller kanape er eit sittemøbel for fleire personar. Han kan minna om ein sofa, og det er uklare grenser mellom dei to møbela både når det gjeld namn og utforming. På fransk er canapé framleis eit vanleg namn på sofa. Namnet kjem frå gresk konopeion, som tyder 'myggnett (kring ei seng)'.

I Noreg blei ei særskild engelsk utforming av kanapeen moderne på byrjinga av 1700-talet. Denne var konstruert slik at møbelet fekk form som to eller fleire stolar stilt ved sida av kvarandre i ei rekkje. Konstruksjonen var bygd opp som vanlege stolpekonstruerte stolar, men kanapeen hadde ein felles sarg fremst, og ryggstavane var smelta saman i overgangen frå ein «stol» til ein annan.

Det er bevart mange kanapear i Noreg som er utforma i stilartane régence og seinare rokokko. På slutten av 1800- og byrjigna av 1900-talet blei rokokko-kanapeen mykje kopiert, og snikkararbeidet er ofte så fint at det er vanskeleg å skilja mellom møblar frå 1700- og 1900-talet.

Kjelder

Kategori:Sittemøblar Kategori:Franske ord og uttrykk Kategori:Greske ord og uttrykk