mini|Tagundaing ved Kyaikpun-pagoden i Bago.
Tagundaing (burmesisk skrift ) er ei ornamentert søyle eller flaggstong som er vanleg ved buddhistiske tempel og kloster i Burma (Myanmar). Søylene er typisk 18-24 meter høge.
Skikken med å reisa religiøse søyler er vanleg elles i Sør-Asia, med Asjoka-søylene som eit kjent døme. Tagundaing-søylene skal vera minne om underkastinga til dei lokale animistiske andene (nat) for den buddhistiske doktrinen dhamma eller dharma.
Ofte er ein mytisk fugl kjend som hintha eller ein himmelsk dansar (kinnara) plassert på toppen av søyla. Ved boten kan ein finna jordgudinna Vasudhara eller nat-herskaren Thagyamin.
Bilete
Sjå òg Lak Mueang
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Buddhisme i Myanmar Kategori:Burmesiske ord og uttrykk Kategori:Søyler Kategori:Buddhistisk kunst Kategori:Buddhistisk arkitektur