Jacob Andreas Michelsen () var ein norsk handelsmann og politikar frå Bergen. Han var far til Christian Michelsen.

Michelsen var son til ein kjøpmann og dreiv sjølv handel i heimbyen, mellom anna med korn og vin. Han var vedvarande medlem i bystyret 1855-82, ordførar i 1865-66 og på ny 1876-78. I Bergen by elles hadde han ei rad styreverv så som i Bergenske Dampskibsselskap, Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme, Det Norske Theater og Det dramatiske selskab, samt avdelingsformann i Selskabet til Videnskabelighedens Fremme.

Både i 1868-69 og treårsbolken 1871-73 var Michelsen ein av Bergens fire stortingsrepresentantar, alle sesjonane som medlem av Protokollkomiteen. I tillegg til stortingsvervet var han medlem i den kongelege skattekommisjonen av 1869, dessutan i den svensk-norske konsulatkomiteen 1875.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Bergen